Treningstights

I heile vår har eg spelt squash med ei eg studerer i lag med. Vi har vorte kjend gjennom squashen, og masse av tida på squashbana har gått med til prat og latter. Kor bra er ikkje det? Eg er verkeleg glad for at jeg turde å spørje ho om ho ville vere med å prøve tidleg i vår. 

Fleire gongar i vår har studievenninna spurd meg om eg har fått meg ny treningstights, men kvar gong har eg sagt nei. Seinast i dag spurde ho, og då kom eg til å tenkje på ein ting, har eg så mange ulike tightsar? Tja, kan hende har eg det. Ein god kombinasjon av lange, korte, tightsar som passer på spinning eller tightsar som passer i marka. For eg har kan hende mange treningstightsar, men eg har ingen treningsbukser eller joggebukser. Eg har berre daffebukser, kvardagsbukser og så tightsane mine. 

Og eg er glad i dei, eg har nokre yndlingar, nokre som eg ikkje er fullt så glad i, og ein eg heilt hadde gløymt av at eg hadde, inntil eg såg litt lenger inn i skapet forrige uke.  Kan hende gir eg eit inntrykk av at eg latar som at eg er sporty og trenar mykje, men eg likar å ha klede som er til sitt eige bruk, slik slepp eg å nytte daffebuksen til å slite meg heilt ut. Tenk kor dårlig forhold eg ville fått til den buksa då!

Har du mange ulike treningsklede, eller klede som passer til eit spesielt høve? 

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits