Syttande, syttande

Syttande mai nærmar seg. Med planar om is, tog og flagg. Dei fleste ser skal kan hende sjå på folketoget, borgartoget eller skuletoget. Min syttandes feiring blir heime i stova, med eksamensoppgåva. Og så ein grillmiddag litt seinare på dagen. Og eg gler meg. Eg har ikkje behov for å gå i byen og sjå på tog, eller bli nedrent av born med is som skal sjå star wars folka, eller mustasjeforeininga. Og eg gjer det med god medvit, eg har nemlig gjort min syttandesinnsats etter mange år i korps. 

Eg las ei facebookstatus som klagde på korpsmenneske som ikkje lika å marsjere og tykkjer 17.mai berre er slitsomt. Eg synes det er kjekt å marsjere (om det går an å kalle vandringa for marsjering), berre ikkje på syttandes. Fellesutmarsj med Sandvikens og Dræggens i Bergen var stor stas, like eins då vi gjekk i gata, med uniform, for å øve på marsjeringa. Det var stas, men syttandes, syttandes med timeplan frå morgon til kveld, med stress og speling på alle kantar, det er eg glad eg slepp.

Til alle dykk som tykjer 17.mai er kjekt; ha ein fin dag på tirsdagen, til alle dykk andre: nyt at du sjølv kan velje korleis du vil feira nasjonaldagen vår! 

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits